Starlight Big Band – plateslipp!
Starlight big band kjem til Lillestrøm med rykande ferske innspelingar i kofferten, og tar publikum med på ein god, gammal plateslepp-konsert! Konserten vil bestå av komposisjonar og arrangementer av Oda Kristine Øygard Steinkopf (bass), Ingrid Steinkopf (Piano), Mona Krogstad (tenorsaksofon), Jenny Frøysa (barytonsaksofon) og Amalie Dahl (altsaksofon).
Starlight big band er eit relativt nytt tilskot til den profesjonelle jazzscena i Trondheim og omegn. Bandet vart oppretta som eit prosjektband i høve det årlege Vinterjazz i regi av Dokkhuset Scene i januar 2019, men har så fortsett drifta på prosjektbasis. Pådrivar Ingrid Steinkopf har sett i saman eit knippe unge, kvinnelege musikarar som saman vil presentere ulikt stoff frå storbandrepertoaret; frå originale komposisjonar til tradisjonelle storbandarrangement. Dette er historisk, då det er Trondheim sitt første profesjonelle storband med berre kvinner. Bandet hentar inspirasjon frå dei mange storbanda med kun kvinner på 40-talet som oppstod både før krigen, og fordi storbanda med mennene vart sendt ut for å spele for dei militære styrkane. Dette gjorde at kvinnene fekk eit smotthol av mogelegheiter til å få spelt med sine eigne band, samt danne eigne band.
Starlight big bands grunnleggar og leiar Ingrid Steinkopf vart tildelt Storbandprisen i 2020. I grunngjevinga står det blant anna: «Ingrid Steinkopf er en ressursperson som bidrar enormt til storbandmiljøet. Hun er en ildsjel og pådriver, hun er kreativ og hun har en enorm kapasitet. Gjennom sine initiativ har hun vært med på å realisere flere prosjekter for studentstorbandene i Trondheim, og hun går ikke av veien for å tenke stort i sin organisering av prosjekter.»
Connect
Laurdag kl 22.00