Sogndal storband med Tore Bråthen og Henrik Hovland
Sogndal storband er det eldste storbandet i Sogn og Fjordane. Bandet har hatt kontinuerlig drift siden 1979 og feira 40 år med brask og bram i 2019.
Sogndal storband (eller «Storbandet» som me seier lokalt) har ein trufast fan-skare som møter flittig opp ved bandet sine konsertar og arrangement. Storbandet er ein gjeng glade amatørar som trivest fortreffeleg i kvarandre sitt selskap. Mange kjente musikarar, som Karl Seglem, Geir Lysne, John Børge Askeland, Kjetil Sandnes og Magne Rutle starta sine karriere i bandet. Storbandet er glad i tradisjonell storbandmusikk, men tek gjerne utfordringar i meir moderne musikalske landskap.
Sogndal storband har i si levetid samarbeidd med mange av landets store jazznamn. Vi nevner i fleng: Bergen big band, Helge Hurum, Jan Magne Førde, Geir Lysne, Ketil Rasmussen, Helge Sunde og mange, mange fleire.
Denne gangen stiller bandet med to solistar, bandledarar og inspiratorar; Tore Bråthen og Henrik Hovland.
Tore Bråthen og bandet vart kjent for fem år sidan, og kjemien klaffa frå første tone. Tore er kjent for mange som ein framifrå storbandleiar. Han leiar for tida Christiansand storband, Arendal storband og Sørnorsk ungdomsstorband. I 2016 fekk han «storbandprisen» for sitt mangeårige arbeid med Sørnorsk ungdomsstorband. Tore er også ein glimrande trompetist og formidlar. I tillegg til alt dette er han førstelektor og studieprogramleder ved institutt for rytmisk musikk ved Universitetet i Agder.
Gitaristen Henrik Hovland er ekta sogndøl. Han har vore musikalsk leiar i Sogndal storband frå januar 2024. Han gjekk storbandskulen i bandet og var gitarist i perioden 2012-2015 før han byrja på musikkutdanning. Først gikk han på Toneheim, så på institutt for rytmisk musikk på Universitetet i Agder, der Tore Bråthen var fagkoordinator. På den utøvande fronten har Hovland brei erfaring frå frå det rytmiske landskapet, særleg innanfor groovebasert pop og country.
Tore Bråthen, Henrik Hovland og Sogndal storband med sin faste vokalist Odrun Ugulsvik Myklebust gir «ståpels-garanti» på sin konsert på storbandfestivalen på Lillestrøm.
Lørdag 19. oktober kl 19.00 i Connect.