Voss storband med Kolve, Kolve, Brunborg og Dale!
Voss storband stifta i 1974 er 50 år i år; still crazy after all these years! Bandet og ei rekkje av medlemane har vore sentrale i jazz-miljøet på Voss i fleire generasjonar.
Storbandet stiller på storbandfestivalen med eit prosjekt med Vossabasert sjølvskriven storbandjazz av Ivar og Kåre Kolve, Tore Brunborg og Øyvind Dale. Desse nasjonalt og internasjonalt kjende musikarane deltek saman med storbandet.
Lørdag 19. oktober kl 18.00 i Stjernesalen.